Utdeling av gåver frå Sparebankstiftelsen i Klepp på Friluftshuset

Torsdag 13. juni var det duka for den årlege utdelinga for gåver frå Sparebankstiftelsen i Klepp. I år slo dei seg saman med Sparebankstiftinga i Time og Hå og invitert til treff på Friluftshuset på Orre.

Øystein Dahle frå Jæren Friluftsråd opna samlinga med å fortelje litt om huset og området. Friluftshuset er populært og området har mykje spanande å by på. Han understreka og at Jæren Friluftsråd har vore med på å drege nytte av støtte frå Sparebankstiftinga til å mellom anna skifte ut taket på Friluftshuset, og at denne støtta blir sett særs god pris på.

Klas Stølsnes frå Jæren sparebank var og til stades ved utdelinga, og delte gleda over at lokalbanken kan vere med på å bidra til og støtte mangfaldet i dei tre kommunane. Han fortalde og om grunnen til at dei to stiftingane har teke over sjølve gåveutdelinga. Tidlegare var det banken som tok seg av denne prosessen gjennom eit gåvefond, men no er ho stiftingane sitt ansvar. Det går sjølvsagt framleis an å søke om sponsormidlar frå Jæren sparebank, men desse kjem naturleg nok med forpliktingar om profilering og reklame.

Pengane som Sparebankstiftelsen i Klepp deler ut kjem frå fusjonen mellom Klepp og Time Sparebank og utbyttet frå eigenkapitalbevisa som dei to stiftingane eig og forvaltar i samband med denne. Samla forvaltar dei to stiftingane 64% av eigenkapitalbevisa i Jæren sparebank. Det er generalforsamlinga som bestemmer kor mykje som skal delast ut i støtte kvart år, og stiftinga har delt ut pengar sidan 2015.

Til no har Sparebankstiftelsen i Klepp delt ut rett i underkant av fem millionar kroner, men Elfin Lea frå Sparebankstiftelsen i Klepp fortel at dei framleis er i ein oppbyggingsfase. Det er nemleg ikkje alle som er klar over at denne støtteordninga finst. Sparebankstiftelsen planlegg difor eit infomøte til hausten saman med banken, slik at dei kan spreie den gode bodskapen til eit endå større publikum.

Sparebankstiftelsen i Klepp ynskjer å støtte det kulturelle mangfaldet i kommunen med pengegåver, slik at delar av overskotet frå stiftinga skal kome flest mogeleg av innbyggjarane til nytte. Og går det godt i banken, går det og godt i stiftinga. Mottakarane skal representere eit mangfald av det som er å finne i kommunen, og Sparebankstiftelsen skal vere ein medspelar for alle laga og foreiningane i kommunen. Elfin Lea seier at han sit att med ei kjensle av at støtta blir sett stor pris på.

Fornøyde mottakere av pengestøtte til sine prosjekt og lag fra Klepp, Time og Hå

Fornøyde mottakere av pengestøtte til sine prosjekt og lag fra Klepp, Time og Hå

Storleiken på pengegåvene varierer, alt etter kva dei som søker treng støtte til. Regelen er likevel ganske enkel: Ein kan ikkje søke om støtte til prosjekt som er ferdige eller sett i gong, eller om støtte til ordinær drift. Tipset er difor å søke om støtte allereie i planleggingsfasen, samt søke innan fristane, som er 30. april og 31. oktober. Same lag og foreining blir vurdert berre ein gong per år, men det går an å søke om støtte fleire gonger.

Elfin Lea seier at dette nesten er som jul og 17. mai på ein og same gong, og set stor pris på å treffe gåvemottakarane og sjå dei blide andleta deira når dei mottek pengegåva frå Sparebankstiftelsen i Klepp.

Mottakarane i år var som følgjer:

Bore Karate fekk 40 000 kroner til flettematter og traller.

Klepp Kristelege Ungdomslag fekk 20 000 kroner til medieutstyr.

Bryne Fotoklubb Fotospirene fekk 30 000 kroner til laptop og redigeringsprogram.

Jæren Kajakklubb fekk 200 000 kroner til nytt klubbhus.

Jæren Krokkethall fekk 20 000 kroner til ny varmepumpe i hallen.

Klepp IL fekk 50 000 kroner til innkjøp av nye bord til Turnhallen.

Klepp og Time 4H nemnd fekk 20 000 kroner til hengekøyer og gapahuk.

Klepp Skulekorps fekk 50 000 kroner til nye uniformer.

Klepp Skyttarlag fekk 50 000 kroner til ombygging av innebanen.

Orre IL fekk 100 000 kroner til å rehabilitere Orrehallen.

Tu Skulekorps fekk 50 000 kroner til innkjøp av nye instrument.

Voll IL fekk 50 000 kroner i støtte til nyanlegget på Voll Stadion.

Endring i gavepolitikk

Styret i stiftelsen vedtok 27.2.18 et tillegg til gavepolitikken som følger:

Vi vil også kunne gi støtte;
- til næringsutvikling og næringsetablering. Tiltak som kan stimulere til verdiskapning og næringssamarbeid
- sammen med andre frivillige organisasjoner i Klepp som kan framskynde tiltak som kommunen har ansvaret for
- til regionale tiltak sammen med andre stiftelser m.v.

Vellykket nedsalg av egenkapitalbevis i Jæren Sparebank - Melde og flaggepliktig handel

 

Det vises til børsmeldinger den 11. oktober 2016.

Sparebankstiftinga Time og Hå har 11. oktober 2016 solgt 600 000 egenkapitalbevis i Jæren Sparebank til en kurs på NOK 90 per egenkapitalbevis.

Etter salget eier Sparebankstiftinga Time og Hå 2 551 048 egenkapitalbevis i Jæren Sparebank, hvilket utgjør 51,72 % av totalt utestående egenkapitalbevis i Jæren Sparebank. Hvert egenkapitalbevis gir én stemme på valgmøter for egenkapitalbeviseierne. Varamedlem Bjørn Lende er representert i Jæren Sparebanks styre.

I forbindelse med transaksjonen har også Sparebankstiftelsen Klepp solgt 100 000 egenkapitalbevis i Jæren Sparebank til lik kurs. Etter salget eier Sparebankstiftelsen Klepp 604 975 egenkapitalbevis i Jæren Sparebank, hvilket utgjør 12,27 % av utestående egenkapitalbevis i Jæren Sparebank.

Stiftelsene er meget fornøyde med transaksjonen som oppnådde god investorinteresse, og ser frem til å fortsette som stabile og langsiktige eiere i Jæren Sparebank.

Swedbank Norge og Sparebank 1 SR-Bank Markets var tilretteleggere for nedsalget.

Kontaktpersoner:

Sparebankstiftinga Time og Hå v/ Daglig leder Arne Gravdal, tlf. 90 19 97 99

Sparebankstiftelsen Klepp v/ Styreleder Elfin Lea, tlf. 45 17 09 19

Swedbank Norge, tlf. 23 23 82 08

Sparebank 1 SR-Bank Markets, tlf. 51 91 53 00

Denne opplysningen er informasjonspliktig etter verdipapirhandelloven § 5-12

Vedtak i generalforsamlingen

Generalforsamlingen i Sparebankstiftelsen Klepp vedtok i møte 29.9.2016 å gi styret fullmakt til å beslutte nedsalg av egenkapitalbevis i Jæren Sparebank. Styret skal ved bruk av fullmakten påse at dagens eierandel på 14,29% aldri kommer lavere enn 10%. Fullmakten gjelder fram til ordinær generalforsamling i 2017, senest 01.07.2017.

Styret